NHO: ID: 11810637
(NPK-NTB): Utfordringa med å inkludere folk i arbeidslivet blir større enn nokon gong som følgje av flyktningsituasjonen i landet, meiner NHOs attføringsdirektør.
Direktør Johan-Martin Leikvoll i Attføringsbedriftene i NHO meiner derfor at samarbeidet mellom Nav, attføringsbedrifter og næringslivet er nøydd til å fungere optimalt i året som kjem.
– Inkluderingsutfordringa vil bli større enn nokon gong der flyktningsituasjonen kjem i tillegg til aukande arbeidsløyse og mange ungdommar og personar med nedsett arbeidsevne utanfor arbeidslivet, seier Leikvoll.
Leikvoll meiner dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å få folk i jobb vil vere «enorme».
– Berre 7.000 fleire i jobb inneber minst ein samfunnsøkonomisk gevinst på minst 7 milliardar kroner, seier Leikvoll.
I år har dei 110 attføringsbedriftene i landet hjelpt nærare 7.000 personar i jobb. Men berre 5 prosent av desse har fått jobb hos ein statleg arbeidsgjevar.
– Det er sterkt beklageleg at statlege arbeidsgjevarar verkar så uinteresserte, og vi spør oss derfor om ikkje det bør innførast element av inkluderingstvang for statlege arbeidsgivarar, seier attføringsdirektør Johan-Martin Leikvoll. (©NPK)

Publisert: 29.12.2015 12:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49