Kort fortalt

Stor interesse for hummarfisket

Rundt 20.000 er påmelde.

27.09.2017
NPK: Søndag 1. oktober startar hummarfisket, og påmeldingane strøymer inn til Fiskeridirektoratet. Rundt 20.000 hadde tidleg denne veka meldt seg på, dei fleste fritidsfiskarar, skriv Fiskeribladet.
Det er første gongen det er obligatorisk påmelding til hummarfisket, noko som gir styresmakter og forskarar ei heilt ny oversikt over både omfanget og kor fisketrykket er størst og minst.
– Vi veit jo at det er mange som fiskar hummar, men vi hadde ikkje aning om kor mange som deltok. Før var det berre dei som omsette hummar som måtte registrere seg, men no må alle gjere det, seier kommunikasjonsrådgivar Olav Lekve til .
Lekve oppmodar hummarfiskarane til å følgje dei nokså strenge som gjeld for fisket etter den sårbare, men i . Hummaren er freda i til saman 18 område i Hardangerfjorden, langs Sørlandskysten og områda rundt Oslofjorden.
Hummarfisket varer til 30. november langs kysten frå svenskegrensa til Sogn og Fjordane og i resten av landet til 31. desember.

Publisert: 27.09.2017 05:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41