Norwegian Group-selskapet Aak Enegy har inngått kontrakt med selskapet Head Energy Solve, som er partnar i ein rammeavtale tildelt av Equinor for vedlikehald og enkle prosjekt, skriv Møre-Nytt.
Head Energy er morselskapet til Head Energy Solve. Rammeavtalen med Equnor omfattar vedlikehald og anna arbeid på Troll, Gullfaks, and Oseberg- felta. Den kan ha ein verdi på opptil 350 millionar kroner i året.
Kontrakten varer i fem år og kan forlengast i yttelegare tre, pluss to år, skriv Head Energy på si nettside.
Det er desse oppdraga Aak Energy skal vere med på å utføre. Selskapet er spesialistar på å utføre inpeksjons- og vedlikehaldsarbeid der det blir nytta tilkomtssteknikk henta frå fjellklatring.
– Denne avtalen representerer ei viktig anerkjenning av AAK Energy AS som ein påliteleg og god samarbeidspartnar, bygd på ei solid merittliste, sterk teknisk kompetanse og høgt kvalifisert personell, seier konsernsjef Kay Ove Johansen i Norwegian Group til Møre-Nytt.
Les også
Publisert: 02.03.2026 11:10
Sist oppdatert: 02.03.2026 12:19






