(NPK-NTB): Norske banker melder om ein kraftig auke i talet på bønder med over 10 millionar kroner i lån. Likevel er ikkje norske bankfolk uroa.
Tal frå Sparebank 1-grupperinga, som har omtrent ein tredel av jordbruksmarknaden, viser at minst 170 bønder har passert 10 millionar kroner i lån. Enkelte av bankane har over tre gonger fleire bønder med over 10 millionar i lån i dag enn i 2010, skriv .
– Det har vore ei enorm utvikling i låneopptaket, seier Morten Malmin, banksjef for landbruk Sparebank 1 SR-Bank. Banken har på fem år hatt ein auke frå 15 til 50 jordbrukskundar med eit tosifra millionbeløp i gjeld.
Jordbruksdelen av den samla lånegjelda til norske bønder var i 2015 berekna til 55,7 milliardar kroner. Det er ein auke på over 10 milliardar kroner frå 2010 og over 30 milliardar frå 2000.
I Danmark har stor landbruksgjeld ført til vaklande bankar og krise i jordbruket. Norske bankfolk er derimot ikkje uroa over utviklinga.
– Nei. Sjølv om vi går i den retninga, er vi milevis unna danske forhold. Veldig mange bønder er dyktige, står på og tenkjer lite på timelønna. Det er tryggjande for oss når kundane viser stor vilje til å strekkje seg, seier Malmin, som får støtte frå kollegaer i fleire bankar. (©NPK)

Publisert: 22.01.2016 08:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48