(NPK): Ein ny rapport meiner det ligg store moglegheiter både for Noreg og Europa i å byggja ut havvind i Nordsjøen.
Rapporten er laga på oppdrag av vindbransje-organisasjonen Wind Europe og peikar på korleis havvind kan hjelpa Europa med å nå klimamåla dei neste 30 åra, fortel
Ein EU-rapport har tidlegare sett som mål at Europa skal bli karbonfritt i 2050 og at det fram til då trengst ei stor utbygging av vindkraft. Den europeiske vindkraftbransjen meiner det største potensialet ligg i Nordsjøen, der organisasjonen meiner det innan 2050 kan byggjast ut 212 gigawatt havvind. Ei slik utbygging vil ifylgje avisa krevja hundrevis av havvindprosjekt. Til samanlikning blir det i dag bygd ut rundt tre gigawatt havvind kvart år i Europa.
Visjonen er at det i den norske delen av Nordsjøen kan byggja ut 30 gigawatt havvind i same perioden. Men sidan halvparten av kapasiteten vil vera eksport til andre land, krevst det at Noreg innan 2050 aukar nettkapasiteten til Europa, kjem det fram i rapporten.
(©NPK)

Publisert: 26.11.2019 13:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31