Kort fortalt

Store krav etter Ørsta-konkursar

05.05.2023

Til saman er det kome inn krav frå kreditorar på om lag 6,2 millionar kroner, etter konkursane i dei to selskapa Aktiv Montering og Aktiv Prosjekt i Ørsta. Det kjem fram i rapportane frå bustyrar Linda Brevik, ifølgje Sunnmørsposten.

4,2 millionar kroner gjeld krav til Aktiv Prosjekt og nær to millionar kroner er knytt til Aktiv Montering. I tillegg kjem eventuelle lønnskrav.

– For bustyrar synest det som at selskapet har vore drive for kreditorane si rekning i nær eitt år, skriv Brevik om Aktiv Prosjekt-selskapet.

Selskapa hadde same eigar og Aktiv Montering som hadde 14 tilsette, tok oppdrag for Aktiv Prosjekt.

Dei dreiv med ulike typar for snikkartenester, møbeltapetsering, kjøkkenfornying og sal av nye kjøkken. Begge selskapa gjekk konkurs i mars.

Publisert: 05.05.2023 07:56

Sist oppdatert: 05.05.2023 07:56

Mer om