Kort fortalt

Store tap for kinobransjen

Inntektstap på 22 millionar i veka.

16.04.2020
NPK: Norske kinoar mistar inntekter på 22 millionar kroner kvar veke dei må halde stengd. No satsar mange på drive-in kino.
Fleire stader i landet vil tilby drive-in kino fram til minst 15. juni. Jon Einar Sivertsen, sjef for kinokjeda Odeon, seier til at det er publikum sin respons på tilbodet som gjer at dei no satsar vidare.
– Det var veldig populært no i påsken, og alle visningane var i praksis utselde. Det viser seg at ein klarer å levere ei kinooppleving av høg kvalitet, folk sit godt, ser godt og høyrer godt. Og det set publikum pris på, seier Sivertsen.
Ifølgje tal frå bransjeorganisasjonen Film og Kino går kinoane glipp av ei inntekter på 22 millionar kroner kvar veke dei held stengd.
Kino- og filmforskar Ove Solum seier at mange kinoar vil slite framover.
– Det er tomme salar rundt om i heile Kino-Noreg, og det er klart at det er ein heilt ny og dramatisk situasjon, seier Solum.
Kinoane må halde stengd fram til minst 15. juni. No i april skal kulturministeren gje beskjed om kinoane vil få opne igjen til sommaren, eller om stenginga blir forlengt.

Publisert: 16.04.2020 15:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28