Tretti prosent av drikkevatnet har lekt ut av røyra før det når vasskranene våre. Det kostar samfunnet dyrt.
– Topografi og klima i seg sjølv er ei stor utfordring, så vassbransjen i Noreg må ta tak i problematikken med tap av vatn på ein innovativ måte, seier forskar Stian Bruaset i Sintef til nettstaden Gemini.
Tretti prosent av vatnet som blir henta ut frå vasskjeldene, reinsa og send ut via leidningsnettet, forsvinn før det når fram til forbrukaren, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.
Danmark har til samanlikning det siste tiåret lege på mellom 7,2 og 9,5 prosent vasstap, medan tapet i Sverige er på 20 prosent. Noreg er blant dei fem landa i Europa med høgast vasstap.
Vasstap frå drikkevassleidningar har fleire negative konsekvensar. Mellom anna blir vassforsyningane meir utsette for forureining, og ein tar i bruk store ressursar på å reinse og pumpe vatn som aldri blir tatt i bruk.
Norsk Vann har rekna ut at kostnaden for vatnet som går tapt er om lag 354 millionar kroner per år. Dette er grunnlaget for at Forskningrådet no har løyvd sju millionar kroner til innovasjonsprosjekt LeakNor som skal arbeide for å finne ei løysing på problematikken.
Publisert: 01.10.2021 12:37
Sist oppdatert: 01.10.2021 12:38