Kort fortalt

Storm øydela skog for 100 millionar

November-uver råka Austlandet hardt.

31.01.2022

(NPK-NTB): Stormen som ramma store delar av Austlandet i november, var den mest øydeleggjande Skogbrand Forsikring nokon gong har jobba med.

Skadane utgjer omkring 100 millionar, skriv Nationen.

– Det er den største stormen så lenge vi har drive sidan 1912, fastslår direktør Per Asbjørn Flugstad i Skogbrand Forsikring, som er skogeigarane sitt eige forsikringsselskap.

Selskapet er det einaste i Noreg som forsikrar skog, og mange skogeigarar har ikkje teikna forsikring hos dei.

– Veldig mange har nok rett og slett ikkje teke seg bryet med å teikne forsikring, fordi dei ikkje har sett behovet og risikoen. Mange har brannforsikring, men ikkje stormforsikring, seier han.

Førekomsten av alvorlege naturskadar har auka dei siste åra, ifølgje Flugstad.

(©NPK)

Publisert: 31.01.2022 09:26

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:27

Mer om