Kort fortalt

Storsatsing på landanlegg

Vil produsere 20.000 tonn laks på land.

29.12.2015
(NPK): Akvafarm Rjukan AS og Fredrikstad Seafood har planar om å starte produksjon av laks på land i Noreg.
Om alt går etter planen, kan anlegga produsere over 20.000 tonn oppdrettslaks i åra som kjem.
– Me er i gang med forprosjektet. Det blir ikkje noko vesleputtanlegg, seier Carl Ivar Holmen i Akvafarm Rjukan AS til Fiskeribladet Fiskaren. Anlegget i Rjukan skal etter planen produsere 9.600 tonn matfisk.
I Rjukan jobbar dei framleis med finansieringa, og Holmen understrekar at det enno er tidleg i prosessen. Han håpar på byggjestart tidleg i 2017.
– Me reknar ikkje med å vere billegast i produksjon jamfør sjøoppdrett, men vil liggje om lag på snitt. I tillegg vil me ha klare stordriftsfordelar og ein tydeleg berekraftprofil, seier Holmen til avisa.
Laksen i Rjukan skal berre gå i ferskvatn.
I Østfold er godkjenningane på plass for eit landbasert matfiskanlegg, og Fredrikstad Seafood er klar for byggjestart i 2016. Om nokre år håpar selskapet å produsere 11.000 tonn årleg. (©NPK)

Publisert: 29.12.2015 10:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49