(NPK-NTB): Statkraft, Trønderenergi og Nordic Wind Power DA går saman om å byggje Europas største landbaserte vindkraftanlegg i Midt-Noreg.
Om lag 11 milliardar kroner skal investerast i seks vindparkar på til saman 1.000 megawatt MW).
Vindparkane skal byggjast på Fosenhalvøya, Hitra og i Snillfjord, i eit kystnært område med nokre av dei beste forholda for vindkraftproduksjon i heile Europa. Konsesjonen til utbygginga vart gitt i august 2013.
– Det er gledeleg at det no blir ei stor vindkraftutbygging i Trøndelag. Dette er eitt av dei største industriprosjekta i Fastlands-Noreg og gir arbeidsplassar. Det vil vere eit løft for satsinga på ny fornybar energi i Noreg. Og det viser at rammevilkåra i Noreg er gode og fører til konkrete investeringar, seier statsminister Erna Solberg (H).
1.000 MW er meir enn den samla norske vindkraftkapasiteten i dag. Når vindparkane står ferdige i 2020, vil dei produsere 3,4 TWh fornybar energi i året. Det er nok til å gi lys og varme til 170.000 husstandar.
– Regjeringa har vore tydeleg på at vi prioriterer fornybar kraft i Noreg. Det blir viktig no som vi skal gjennom eit grønt skifte i næringslivet og kutte i klimagassutsleppa. Derfor synest eg det er flott at det blir vindkraftutbygging i Midt-Noreg, seier næringsminister Monica Mæland (H).
Anleggsarbeida startar i andre kvartal i år. (©NPK)

Publisert: 23.02.2016 09:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48