Kort fortalt

Storselskap vil ha honorarauke

Næringsministeren opnar for høgare styrehonorar.

24.07.2019
NPK-NTB: Norske styrehonorar er ikkje konkurransedyktige, meiner leiarane av valkomiteane i nokre av Noregs største selskap. Næringsministeren er open for ein auke.
I eit innlegg i skriv leiarane av val- og nominasjonskomiteane i Equinor, Telenor, Norsk Hydro og Yara International at «hvis vi skal kunne gjøre vår jobb og finne de beste, bør styrehonorarene justeres opp slik at de blir konkurransedyktige».
– I Sverige får styreleiarar betalt dobbelt så mykje, i Danmark det tredobbelte. Då kan ein jo tenke seg at enkelte ikkje vel Noreg, seier Tone Lunde Bakker, som leier valkomiteen i Equinor, i ein utdjupande .
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner dei fire har gode poeng.
– Staten går ikkje med på å auke honorara automatisk, men der det er tungtvegande grunnar, vil det vere aktuelt. Vi er opne for det etter individuelle vurderingar av kvart selskap, seier næringsministeren.
– Generelt legg vi vekt på moderasjon. Det ville vore meir naturleg å auke honoraret over tid, legg han til.

Publisert: 24.07.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33