Kort fortalt

Stortinget skal gjennomgå aksje-sakene

Skal sjå på regelverket.

02.08.2023

(NPK-NTB): Stortingspresident Masud Gharahkhani seier presidentskapet på Stortinget skal sjå på regelverket for rapporteringa til politikarane av økonomiske interesser.

– Vi har eit register over vervet til representantane og økonomiske interesser for å sikre openheit og tillit blant befolkninga. Basert på sakene frå i sommar, er det naturleg at presidentskapet i fellesskap får teke ein diskusjon om Stortingets regelverk, seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) til E24.

Gharahkhani varsla allereie 25. juli på X/Twitter at han ønskte ein diskusjon i fellesskap i presidentskapet om dagens regelverk. Debatten om dette oppstod etter Ola Borten Moes avgang som forskingsminister og Sp-nestleiar, i kjølvatnet av aksjekjøpet hans i Kongsberg Gruppen.

Saka går ut på om stortingsrepresentantar og statsrådar bør få lov til å eige og handle med aksjar. Fleire har teke til orde for å stramme inn reglane.

– Løpande oppdatering av listar, tilgjengelegheita til listene og kor stor eigardel ein er pålagd å loggføre, er det naturleg at vi ser nærare på, seier stortingspresidenten til E24.

Publisert: 02.08.2023 17:09

Sist oppdatert: 02.08.2023 17:09

Mer om