NPK-NTB: Planen til regjeringa om utvida søndagshandel blir stoppa av eit stortingsfleirtal med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, KrF og SV.
Fire dagar etter at kulturminister Trine Skei Grande (V) sende forslaget om utvida søndagsopent ut på høyring, slår opposisjonen på Stortinget fast at dei ønsker at heilagdagsfredlova blir vidareførast som i dag.
– Då slepp regjeringa å kaste bort tida si med å jobbe med forslag som opnar for meir søndagshandel. Det er fint, seier Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold-Vedum til .
I regjeringsplattforma som Høgre, Frp og Venstre vart einige om på Jeløya, heiter det at regjeringa ønsker å liberalisere reglane for handel på søndag.
Utgreiinga som Grande har sendt på høyring, tar blant anna til orde for å utvide arealavgrensinga på 100 kvadratmeter opp til 150 kvadratmeter for søndagsopne butikkar. Søndagshandel i fleire bransjar enn kiosk og daglegvare er også eitt av forslaga.
Vedum seier at søndagen framleis skal vere annleisdagen der folk kan gå på fotballkamp, vere med familien, gå på tur, i kyrkja eller rett og slett gjere ingen ting.
Leiaren av familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Tone Trøen (H), seier at forslaget som blir fremma av dei fire partia ved starten av stortingsmøtet onsdag er spesielt og litt useriøst.
– No seier stortingsfleirtalet at dei verken vil lytte til høyringssvara eller vurdere forslaga om søndagshandel. Det er synd, seier ho til NRK.

Publisert: 31.01.2018 11:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40