ID: 11709530
(NPK): Stortinget har vedteke å be regjeringa om å setje i verk tiltak som sikrar at alle fylkeskommunale og kommunale ferjer og hurtigbåtar bruker låg- eller nullutsleppsteknologi ved nye anbod.
Vedtaket er ei styrking av vedtaket frå 2014 der ein bad regjeringa sørgje for at alle ferjeanbod i framtida kravde låg- eller nullutslepp når teknologien låg til rette for det, skriv nettstaden .
Det er 119 fylkes- og riksferjesamband i Noreg i dag. Ei rekkje av desse skal lysast ut på anbod i nær framtid. Ein rapport som Bellona og Siemens la fram tidlegare i år peikar på at 84 ferjer på 61 strekningar kan bli batteriferjer. Jamfør nye dieselferjer er batteriferjer 3,5 milliardar kroner dyrare.
Fleirtalet i Stortinget ber regjeringa vurdere om det er naudsynt med eigne tilskotsordningar eller om ein skal styrke ordningane som finst i dag for bruk av ny teknologi i offentlege anbod.
– Eg skulle helst sett at vedtaket om midlar til fylkeskommunen var meir forpliktande, men i sum er dette positivt, seier Hege Økland, leiar av NCE Maritime Clean Tech, til Sysla Grønn. (©NPK)

Publisert: 02.12.2015 11:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49