(NPK-NTB): Stortingsrepresentant Ove Trellevik frå Høgre i Hordaland selt alle aksjane han hadde i oppdrettsselskapet Austevoll Seafood.
Bransjenettstaden omtaler aksjesalet til Trellevik torsdag. Stortingsrepresentanten som sit i næringskomiteen, skriv i ei pressemelding at han opplevde at det blei stilt spørsmål om truverdet hans i politiske diskusjonar som handlar om fiskeri og havbruk på grunn av aksjeposten.
– Eg, stortingsrepresentant Ove Trellevik (H), medlem i næringskomiteen har tidlegare eigd børsnoterte aksjar i Austevoll Seafood ASA. Desse aksjane er selde, og eg har ikkje aksjar eller andre eigarinteresser i fiskeri og havbruksselskap, skriv Trellevik som strekar under at han heile tida har vore på innsida av gjeldande reglar for habilitet og informasjonsplikt. (©NPK)

Publisert: 01.12.2016 09:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43