Kort fortalt

Strammar inn lusemiddelbruken

Målet er å redusere moglege negative miljøeffektar.

22.06.2016
(NPK): Nærings- og fiskeridepartementet ønskjer å stramme inn reglane for bruk av lusemiddel i oppdrettsnæringa.
For å beskytte aktive rekefelt og eventuelt andre sårbare område, føreslår departementet mellom anna å stille krav til kvar ein kan tømme behandlingsvatnet etter medikamentell behandling i brønnbåt.
Nærings- og fiskeridepartementet ønskjer i tillegg å endre regelverket slik at det må gå lenger tid mellom kvar gong ein brukar lusemiddel, dette for å unngå opphoping av restar under anlegga. Forslaget inneber også at lusemiddel ikkje kan brukast på lokalitetar som ligg nærmare enn 1000 meter frå eit rekefelt.
– Bruken av ulike lusemiddel har auka, og det er no nødvendig å vere føre var, seier fiskeriminister Per Sandberg om forslaga som no er sendt ut på høyring. (©NPK)

Publisert: 22.06.2016 11:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45