Spotpris midt norge 2 oktober 2025 opning sognefjorden
HOPPA: Spotprisen for straum i Midt-Norge gjorde eit hopp då den nye kraftkabelen opna torsdag. Skjermfoto: minspotpris.no
Kort fortalt

Straumprisen gjorde eit hopp då ny kraftlinje opna

Kan vere ei av årsakene, meiner analytikar.

02.10.2025

Torsdag klokka 15 opna den nye straumkabelen over Sognefjorden. Om lag samtidig gjorde straumprisen i Midt-Norge eit hopp, skriv NRK Møre og Romsdal. 

Klokka 14 var spotprisen 9 øre, medan dei var oppe i 28 øre då kabelen vart sett i drift. Seinare i ettermiddag er prisen venta å stige vidare. 

– Det er nok fleire faktorar, men det kan vere ei av årsakene, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue til kanalen om prishoppet. 

Den nye straumkabalen går mellom Aurland og Sogndal i Vestland og krysser Sognefjorden. 

Fleire i Midt-Norge har frykta høgare straumprisar når prisområde NO3 blei kopla til områda sørover. Årsaka er at prisane der har vore markant høgare enn lengre nord. 

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue seier til NRK at han trur straumprisen i NO3-området kan auke med rundt 20 øre framover, og meiner det kan gjere det meir aktuelt for fleire å vurdere den nye Norgesprisen.

Publisert: 02.10.2025 16:03

Sist oppdatert: 02.10.2025 16:03

Mer om