NPK-NTB: Straumprisen har stige 9 prosent det siste åretI gjennomsnitt kosta straumen 33,3 øre per kilowattime i tredje kvartal i år, ein auke på 9 prosent frå den same perioden i fjor.
Tar ein med nettleige og avgifter måtte norske hushald ut med i gjennomsnitt 95,2 øre, viser elektrisitetsprisane som la fram fredag.
Mens nettleiga utgjorde 27,9 øre, var forbruksavgifta på elektrisk kraft og meirverdiavgift på 34 øre.
Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat er ein viktig årsak til prisauken høg eksport av straum som følgje av uvanleg mykje stopp i svensk kjernekraft. Prisstiginga har også samanheng med høgare kolprisar.
Framleis er det slik at det er kontraktar med variable prisar som er dyrast, i snitt 36 øre utanom avgifter og nettleige. Den vanlegaste kontraktstypen følgjer den såkalla elspotprisen. Her var den gjennomsnittlege straumprisen 32,3 øre.
Den billigaste straumen fekk dei som har inngått eittårig fastpriskontrakt. Her var den gjennomsnittlege straumprisen 31 øre.

Publisert: 24.11.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40