Kort fortalt

Straumrekninga kan bli tredobla

Frå rekordbilleg i fjor til rekordpris i år.

Marius Rosbach
12.02.2021

NPK: Etter at fjoråret hadde dei lågaste straumprisane gjennom tidene, har prisane tatt seg kraftig opp i starten av 2021. Fredag morgon nådde timeprisen på Austlandet nye toppnivå, med ein pris på heile 2,57 kroner per kilowattime, utanom nettleige og avgifter.

– Eg finn ikkje høgare priser for Austlandet i mine data, som går tilbake til 2002, seier direktør for kraftforvaltning Andreas Myhre i Entelios til E24.

– Det har vore nokre veldig høge prisar i Midt-Noreg på grunn av avgrensa nett, men på Austlandet har vi ikkje sett slike prisar før. Så dette er rekord, seier han.

Hoppet i straumprisar gir betydeleg høgare straumrekning for januar og februar enn på same tid i fjor. Til gjengjeld var straumen rekordbilleg i 2020.

Rekorden vert òg stadfesta av kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Wattsight. Bergensområdet har like høge prisar som Oslo fredag morgon, men dei opplevde langt høgare prisar tilbake i 2010.

– Her opplevde ein ikkje dei ekstreme prisane som vi såg i 2010. Men i Bergensområdet var prisen oppe i 14 kroner per kilowattime i nokre enkelttimar i 2010. Så bergensarane har opplevd verre før, seier han.

Direktøren i Entelios tippar vi får ei tre gonger høgare februarrekning i år enn i fjor.

– Januar var vel om lag dobbelt så høg som i fjor. Men så er vinteren over, og det roar seg. Viss nokre er veldig bekymra for dei høge prisane, så kan dei også velje fastpris, seier Myhre.

Publisert: 12.02.2021 17:38

Sist oppdatert: 15.02.2021 13:02

Mer om