Kort fortalt

Straumselskap droppar fastprisavtalar

Andre har prisa avtalane til langt over marknadspris.

12.07.2022

Fleire straumselskap har kutta tilbodet om fastprisavtalar.

Den låge fyllingsgrada i vassmagasina i Noreg, og dessutan den usikre energisituasjonen i Europa som følgje av krigen i Ukraina, gjer at det kan bli svært høge energiprisar til hausten, skriv Dagens Næringsliv. Samtidig er det færre straumselskap som tilbyr fastpriskontraktar.

– Det blir stadig vanskelegare å sikre fastprisavtalar til sluttbrukarar, seier administrerande direktør Alf Vee Midtun i Rauma Energi. No tilbyr selskapet hans berre fastprisavtalar til kundar i Midt- og Nord-Noreg – til 95,73 øre per kWh.

Også energikonsernet Lyse droppar fastpris tilbod på straum. Kristian Helland, direktør for produkt og forretningsutvikling i Lyse Energi, skriv i ein e-post at dei har valt å setje fastpris på pause. I vår kunne ein sikre seg tre års fastpris for 1,50 kroner per kWh frå selskapet.

Dei få selskapa som no tilbyr eittårskontraktar på straum for Sør-Noreg tek seg godt betalt med prisar på mellom 3 og 4 kroner per kWh. Berre eitt selskap tilbyr tre års fastpris på straum i dag. Det er Haugaland Kraft Energi , som tek 2,99 kroner per kWh for ein treårig fastprisavtale.

Gjennomsnittsprisen på straum i juni – inkludert moms – var 187,7 øre i Søraust-Noreg I Sørvest-Noreg var prisen 233,34 øre per kWh. I Nord-Noreg var snittprisen i juni 8,56 øre per kWh.

Publisert: 12.07.2022 08:47

Sist oppdatert: 12.07.2022 08:49

Mer om