Kort fortalt

Straumutgiftene uendra første kvartal

Nettleiga åt opp priskutt.

31.05.2016
(NPK-NTB): Den gjennomsnittlege kraftprisen til norske hushald fall 8,3 prosent første kvartal i år samanlikna med same periode i fjor. Men sidan forbruksavgifta samtidig vart auka, er den totale summen likevel omtrent uendra.
Sjølve kraftprisen per kilowatt gjekk ned med 8,3 prosent til 28,7 øre. Men i same periode vart nettleiga auka med 1,1 prosent og forbruksavgifta med 7,7 prosent slik at dei totale straumutgiftene for norske hushald er tilnærma uendra, viser tala frå
Tala viser at hushald med kontraktar knytt til elspotprisen og fastpriskontraktar på inntil eitt år var rimelegast for forbrukarane i første kvartal. Om lag 70 prosent av straumen til hushalda vart selt gjennom elspotprisavtalar til ein pris på 26.9 øre per kilowatt. Fastpriskontraktane låg på 26,8 øre per kilowatt. Nettleige og avgifter kjem i tillegg. (©NPK)

Publisert: 31.05.2016 12:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46