(NPK-NTB): Dei 24 siste åra har det årleg gått tapt 140.000 arbeidsdagar i gjennomsnitt på grunn av streikar, melder SSB.
Mellom 1992 og 2015 har Statistisk sentralbyrå at om lag 3,5 millionar arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar eller streikar
Av desse gjekk rundt 3,3 millionar arbeidsdagar tapt i åra med hovudoppgjer.
Åra med flest tapte arbeidsdagar var i 1996 og 2010, då rundt ein halv million arbeidsdagar gjekk tapt i streik kvart av åra.
I snitt er det registrert åtte tapte arbeidsdagar per arbeidstakar i konflikt dei 24 siste åra, fordelt på 8,1 i hovudoppgjera og 6,8 i mellomoppgjera. (©NPK)

Publisert: 04.08.2016 14:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44