Kort fortalt

Strengare krav til lusemiddel

Vil endre i regelverk for lakselusmiddel.

15.01.2016
ID: 11873590
(NPK): Fiskeridirektoratet ønskjer å gjere endringar i regelverket for lakselusmiddel i akvakulturforskrifta til våren.
Direktoratet heldt fredag dialogmøte om temaet, der representantar frå oppdrettsnæringa, Norges Fiskarlag, brønnbåt-aktørar, Mattilsynet og Miljødirektoratet var blant dei inviterte, fortel .
Forslaga til tiltak vil ifølgje avisa medføre endringar i regelverket når det gjeld bruk av kombinasjonar av lusemiddel, reglar som skal motverke oppsamling av flubenzoronar under oppdrettsmerdane og korleis ein skal handtere utsleppsvatn frå brønnbåtar som blir brukte i lusebehandling.
Fiskeridirektoratet håpar å få sendt forslaga på høyring så snart som råd etter møtet og vedta endringane i forskrifta i april. Nærings- og fiskeridepartementet har tidlegare bede Mattilsynet og Fiskeridirektoratet om forslag til tiltak som kan motverke negative miljøeffektar knytte til lakselusbehandling. (©NPK)

Publisert: 15.01.2016 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49