NPK: Regjeringa har lagt fram eit nytt lovforslag for Stortinget med endringar i lakse- og innlandsfisklova. Målet er å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske etter laks, sjøaure og sjørøye.
– Ulovleg fiske er alvorleg miljøkriminalitet og ein trussel mot dei norske bestandane av laks, sjøaure og sjørøye. Kvart år blir det avdekt eit betydeleg ulovleg fiske av vill laksefisk. Regjeringa ynskjer å styrkje innsatsen mot dette fisket slik at vi betre kan ta vare på desse fiskeartene for framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.
Regjeringa har mellom anna føreslått å auke strafferamma frå to til fem års fengsel ved grove brot på føresegnene i lakse- og innlandsfisklova.
– Det ulovlege fisket gjer at talet på gytefisk i vassdraga minkar, og dette kan ha svært negativ effekt, særleg der det ulovlege fisket skjer på sårbare og truga bestandar. Det er viktig at reglane for laksefiske blir følgde, og dette er grunnen til at vi no styrkjer moglegheitene for å handheve lova, seier Rotevatn.
Vidare blir det føreslått ein heimel til å gje administrative gebyr, og dessutan ein heimel til å gjere administrative beslag i fiskereiskap. Det blir òg foreslått ei utviding av høve til å gjennomføre administrativ inndraging til å gjelde meir enn reiskap av liten verdi, og ei utviding av høve til å mellombels nekte registrering av reiskap. Lakse- og innlandsfisklova har som mål at anadrom laksefisk vert forvalta slik at mangfald og produktivitet blir bevart.

Publisert: 15.04.2020 15:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28