Kort fortalt

Stressa makrell blir blå

Skiftar farge frå grøn til blå.

NPK
12.10.2022

Ny kunnskap om at stressa makrell blir blå vil gjere det mogleg for fiskarar å ta betre vare på velferda til fisken og optimalisere kvaliteten på fangsten, meiner forskarar.

Når makrellen døyr endrar han farge frå grøn til blå. Etter å ha observert at levande makrell også kan vere blå, lurte ei gruppe forskarar på om dette skjer fordi fisken blir stressa. Dette viste seg å stemme.

– Vi har klart å vise at skinnfargen endrar seg når makrellen blir utsett for høgt stress. Kunnskapen kan blant anna brukast til å ta vare på velferda til fisken og auke kvaliteten på fangsten, seier Sintef-forskar Guro Møen Tveit til forskingsmagasinet Gemini.

Makrell blir som regel fanga ved hjelp av ringnot. Ringnotfisket går føre seg ved å «kaste ut» eit digert nett på ein slik måte at det omkransar ein fiskestim. Ei vanleg ringnot er gjerne 800–900 meter lang og kan setjast med ein diameter på 140–150 meter.

Eit kast kan innehalde fleire hundre tonn fisk. Ved å sjå når fisken er stressa kan ein med bruk av framtidig teknologi kunne gjere nyttige justeringar i fangstprosessen, meiner Sintef-forskaren.

– Vi ser føre oss eit overvakingssystem i nota som kan hjelpe fiskarane å styre fangstprosessen. Fargeendringar hos makrell vil då, saman med andre velferdsindikatorar som stimorganisering, fisketettleik og symjeaktivitet, kunne bidra til enklare og betre justeringar av fisket. Dette vil ta vare på velferda til fisken, og vidare gi best mogleg kvalitet på fiskekjøtet, seier Møen Tveit.

Publisert: 12.10.2022 16:40

Sist oppdatert: 12.10.2022 16:41

Mer om