Kort fortalt

Stryn-entreprenør aukar staben

Reknar med å auka frå 32 til 38 tilsette i år.

19.04.2024

Entreprenørselskapet Kveen As i Stryn har god ordreinngang og skal auke staben, skriv Fjordingen.

Dagleg leiar Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo fortel til avisa at dei planlegg å auke bemanninga frå 32 til 38 tilsette i løpet av året. Dei treng folk både på kontordelen av verksemda og ute på anlegga.

Sjølv om dei ventar ei omsetning kring 110 millionar kroner, er det utfordrande tider, fortel han.

– Det er framleis krevjande i bransjen. Marginane krympar og konkurransen om jobbane er hard. Det såg vi ikkje minst då 17 ulike selskap la inn anbod på riggplassen i Holmøyane, ein jobb til fire millionar kroner. For oss har det gått bra, og vi har verken måtte permittere eller seie opp tilsette på nær ti år, seier Øvre-Flo.

Publisert: 19.04.2024 10:52

Sist oppdatert: 19.04.2024 10:52

Mer om