Kort fortalt

Ståle Rasmussen nominert til årets teknologileiar

Konsernsjef Ståle Ramussen ved Kleven er ein av seks kandidatar til tittelen "Årets teknologileiar".

28.01.2014
Det er Teknisk Ukeblad som står bak kåringa, der vinnaren vert annonsert ved utdelinga av Teknologibragden torsdag 6. februar.
Ved kåringa skal juryen leggje vekt på at årets teknologileiar skal ha oppnådd gode resultat gjennom sitt positive leiarskap i ei teknologibedrift eller eit teknologiprosjekt.
Teknisk Ukeblad skriv om Ståle Rasmussen at han leier det største norskeigde skipsbyggingskonsernet, og har 700 tilsette. Konsernet bygger og utrustar store offshorefartøy. I løpet av 2014 skal konsernet levere ti fartøy. Blant disse er eit 145 meter langt konstruksjonsskip til Eidesvik.
"Rasmussen har jobbet innen skipsbygging de siste 12 årene og før det i mekanisk industri. Kleven kaprer mange kontrakter i et tøft marked. Nå går bedriften foran og "insourcer" - tar tilbake produksjon til verftet i Ulsteivik. Større grad av robotisering gjør bygging av skipsmoduler konkurransedyktig," skriv Teknisk Ukeblad.
Rasmussen sjølv seier at for han handlar ikkje nominasjonen om ein person, men om eit system og ei bedrift.
Teknisk Ukeblad inviterer no lesarane til å vere med på å stemme fram vinnaren. Les meir .

Publisert: 28.01.2014 14:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22