(NPK-NTB): Måndag hadde statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) eit møte med sentralbanksjef Øystein Olsen for å diskutere den økonomiske situasjonen i Noreg.
Målet var å «stikke fingeren i jorda», spesielt fordi internasjonale rammevilkår har endra seg sidan budsjettet vart vedtatt, fortel statsministeren til NTB.
– Det er behov for å fortsette på den vegen regjeringa har gått på dei langsiktige omstillingstiltaka, satsing på kunnskap og kompetanse, infrastrukturendringar, men det er ikkje behov for drastiske endringar i aktiviteten, konkluderer Solberg.
– Vi vurderer alltid om vi skal ha meir, men vi må også sørgje for at budsjettet vi har vedtatt, kjem i gang og verkar, seier ho. (©NPK)

Publisert: 25.01.2016 16:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48