Kort fortalt

Støre leiar internasjonalt havpanel

Har forplikta seg til berekraftig forvaltning.

02.11.2021

(NPK-NTB): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tek over leiinga av det internasjonale høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi.

Støre etterfølgjer tidlegare statsminister Erna Solberg (H) som leiar av havpanelet.

Havpanelet, som består av sitjande stats- og regjeringssjefar frå 14 land, har forplikta seg til berekraftig forvaltning av 100 prosent av hav- og kystområda sine innan 2025.

Panelet er også oppteken av den viktige rolla havet har i klimaarbeidet for å redusere utslepp og vil bruke klimatoppmøtet COP26 i Glasgow til å setje dette på dagsorden.

– Havet er eit felles gode og kritisk viktig for helsa til menneska og planeten, for klima og mattryggleik, for lokale arbeidsplassar og for verdsøkonomien. For at havet skal halde fram med å yte desse tenestene som vi er så avhengige av, må vi halde havet friskt og reint, seier Støre.

(©NPK)

Publisert: 02.11.2021 08:43

Sist oppdatert: 02.11.2021 08:44

Mer om