Kort fortalt

Auka kraftproduksjon vil dempe prisane

Fersk NVE-analyse.

12.09.2022
(NPK-NTB): For at dei norske kraftprisane ikkje skal påverkast av europeiske prisar, trengst ein svært høg kraftbalanse, meiner NVE.

Måndag leverte NVE ein fersk analyse av samanhengen mellom kraftbalansen og kraftprisen i Sør-Noreg for ulike vêrår.

Kraftbalansen er forskjellen mellom kor mykje kraft vi produserer og kor mykje kraft vi bruker gjennom eit år. Kraftbalansen kan styrkjast både ved energieffektivisering og ved å byggje ut – og produsere – meir kraft. I Noreg er kraftsystemet svært vêravhengig, med den regulerbare vasskrafta som ryggrad.

– Samtidig er det viktig å seie at dersom gassprisane i Europa held seg høge, vil også kraftprisane i Sør-Noreg halde seg høge. Men dei vil bli lågare med ein sterk enn ved ein svak kraftbalanse. Ei styrking av den underliggjande kraftbalansen i Noreg vil bidra til å redusere kraftprisane i Sør-Noreg, også i periodar med høge prisar i landa rundt oss, skriv Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ein kommentar.

– Det er teoretisk mogleg å byggje opp ein så høg underliggjande kraftbalanse at prisane vil fråkoplast europeiske prisar også i år med middels god vêravhengig kraftbalanse.

(©NPK)

Publisert: 12.09.2022 11:21

Sist oppdatert: 12.09.2022 11:25

Mer om