(NPK): I fjor blei det sleppt ut 13,5 millionar tonn CO2 frå petroleumsverksemda. Det er 400.000 tonn (3 prosent) meir enn året før, opplyser Oljedirektoratet.
Hovudårsaka til auken er oppstartsproblem på Knarrfeltet og oppstart av felta Valemon og Edvard Grieg som vart sett i produksjon i 2015.
Totale utslepp av CO2 frå produserande felt som var i drift før 2015 er i same storleiksorden som i 2014. Utsleppa av NOx er derimot redusert med 11 prosent (5.600 tonn). Hovudårsaka er redusert boreaktivitet og bruk av flyttbare innretningar.
Prognose for dei neste fem åra viser at CO2-utsleppa vert stabiliserte rundt 2015-nivået, sjølv om fleire nye felt skal setjast i produksjon. Johan Sverdrupfeltet skal forsynast med kraft frå land. Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog vil også få kraft frå land i samband med andre utbyggingstrinn av Johan Sverdrup. (©NPK)

Publisert: 30.05.2016 13:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46