Kort fortalt

Størst skilnad på folk i Noreg.

Noreg toppar lønsskilnader i Norden.

15.11.2016
(NPK): Ikkje i nokon andre land i Norden er skilnadane mellom dei som tener minst og dei som tener mest, større enn i Noreg.
Det fortel Avisa peikar på at låglønte i Noreg dei siste 20 åra har fått stadig mindre del av lønsveksten, medan dei som tener mest har fått stadig meir.
Medan dei lågaste lønte i privat sektor berre har hatt ein lønsauke på 31.000 kroner frå 2008 til 2015, har løna til dei ti høgast lønte i privat sektor i same perioden i snitt auka med 245.000 kroner, skriv avisa.
Ingen andre land i Norden har hatt ei liknande utvikling.
– Held utviklinga fram, kan vi om nokre år ha dei same lønsskilnadene som Tyskland og England har i dag. Der tener dei som står midt i lønsfordelinga 1,8 til 1,9 gonger så mykje som dei lågast løna, seier forskar Bård Jorfall ved Fafo. Han har granska endringane i inntektsforskjellane i ein ny rapport. (©NPK)

Publisert: 15.11.2016 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43