Kort fortalt

Støylen fekk idéen frå Omdal

Facebook-innlegg gav ideen til Amedia-kjøpet.

23.02.2016
(NPK-NTB): Ein kommentar frå spaltist Sven Egil Omdal på Facebook var spiren til Sparebankstiftelsen DNBs kjøp av Amedia.
Administrerande direktør André Støylen i stiftinga fortel til at han fekk ideen då han les ein via Facebook tidleg i september.
– Der spurde Sven Egil Omdal kva som skjer når Telenor og LO ikkje får selt Amedia. Kan ein tenkje seg ein modell der kommunane gjekk inn og kjøpte tilbake sine lokalaviser. Eg tenkte «hm, det kjem jo ikkje til å skje», og kanskje er det ikkje ein god idé heller. Men eg begynte å tenkje vidare på kven som kunne tenkjast gå inn i Amedia med vilje og pengar. Og kom til at svaret eigentleg var Sparebankstiftelsen DNB, seier Støylen til avisa.
– Så følgde ein relativt lang prosess for å forankre dette i styret. Det er ei stor sak for oss, så det har vore mange kritiske spørsmål, seier han.
Det vart måndag kjent at Sparebankstiftelsen DNB kjøper 100 prosent av aksjane i Amedia. Eigarskapet blir lagt til ei eiga stifting. (©NPK)

Publisert: 23.02.2016 10:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48