Kort fortalt

- Sunn norsk laks

Lite antibiotika i norsk oppdrett.

29.02.2016
(NPK): Det vert nytta svært lite antibiotika i norsk oppdrett, ifølgje ny rapport.
I ein ny rapport frå Universitetet i Tromsø (UiT) avslører forskarar at forbruket av antibiotika er veldig lite, skriv .
Ifølgje rapporten frå UiT var forbruket på 0,37 milligram antibiotika per kilo oppdrettsfisk i 2014. I 1987 var forbruket av antibiotika på 887 milligram per kilo.
Forskarane ved UiT har samarbeidd med Det Norske veterinærinstitutt og laga rapporten på oppdrag frå norske myndigheiter og Sjømatrådet.
Terje Martinussen i Noregs sjømatråd meiner rapporten dokumenterer at norsk oppdrettsfisk er sunn, og at ein kan avkrefte myten om mykje antibiotika.
– Vi kan no dokumentere at norsk laks er sunn, og kan selje til dei som er villig til å ta ein god pris for slike sunne produkt, seier Martinussen til NRK. (©NPK)

Publisert: 29.02.2016 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47