(NPK): Snart kan norsk spekemat hamne på matborda i arabiske land.
I mars 2017 skal nemleg norsk spekemat delta på ei stor matmesse i Dubai. Dit kjem det folk frå fleire kontinent, skriv Sunnmørsposten.
– Dette høyrest spennande ut, og vi vil gjerne levere til arabiske kundar, seier Rune Lødøen, dagleg leiar i Tind Spekevarer AS på Stranda, til avisa. Der held dei akkurat no på å gjere klar ei ny sending til Frankrike.
For dei franske kundane har allereie oppdaga norsk spekemat, gjennom samanslutninga «Fenalår frå Norge», der ni norske produsentar er med.
– Vi har fått eit lite fotfeste i Frankrike. Men det har gått treigare enn vi hadde håpt på. Så langt har vi seld om lag 1.000 kilo. Men det går stadig framover her, seier Per Berg, styreleiar i «Fenalår frå Norge».
Men no står altså Asia for tur.
– Allereie i dag er det ein nordmann som eksporterer fenalår frå New Zealand til Dubai og Dei sameinte arabiske emirata. Då tenkjer vi at det også må vere ei moglegheit for oss, seier Berg.
Han legg til at dei allereie har skaffa seg åtte-ti kontaktar i Dubai som kan fungere som døropnarar. Det neste blir å skaffe seg grossistar som er interesserte i å ta inn den norske spekematen i porteføljen sin. (©NPK)

Publisert: 07.12.2016 12:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43