Kort fortalt

Supersommar i Hjørundfjorden

Godt hotell-nytt.

12.08.2016
(NPK): Hotella i Hjørundfjorden på Sunnmøre kan melde om ein kjempesesong så langt.
– Sommaren har gått veldig bra. Smilet går frå øyre til øyre. Vi har trua på nye rekordar, fortel driftsleiar ved Hotel Union Øye, Kathrine Øye, til Møre-Nytt.
31. juli hadde hotellet selt 508 fleire rom enn på same tida i fjor. Hotellet hadde alt 31. juli omsett for 1.500.000 meir enn i heile fjor. Truleg har kronekursen vore avgjerande for den store interessa frå utanlandske turistar.
– Vi har fulle hus, og ekstremt bra booking til lunsj og middag. Fleire står på venteliste til rom. Talet på nordmenn og utanlandske turistar har auka mykje frå i fjor. Vi har mange frå Asia, USA og England, men også meir frå Belgia, Frankrike, Nederland og Tyskland. Først og fremst er det hotellet i seg sjølv som trekkjer til seg folk. Og sjølvsagt den vakre naturen som ligg rundt, fortel Kathrine Øye til avisa.
Også ved Sagafjord Hotel på Sæbø kan dei melde om gode tider.
– Vi har hatt ein formidabel auke i juli i år samanlikna med juli i fjor. Vi er veldig, veldig nøgde. August ser også bra ut så langt, seier hotelldirektør ved Sagafjord Hotel Aina Aalen Bjerkvik til Møre-Nytt.

Publisert: 12.08.2016 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44