Kort fortalt

SV vil ikkje ha ferjefri E39

Vil i staden satse på utsleppsfrie ferjer.

21.02.2018
NPK: Omlegginga frå diesel til utsleppsfrie ferjer vil få ned utsleppa betrakteleg. SV meiner dette gir grunnlag for å stogge utbygginga av ferjefri E39.
– I staden for å byggje mange dyre bruer og undersjøiske tunnelar burde ein satse på vegane imellom. Når ferjene ikkje slepp ut CO2, vert miljøreknestykket for ferjefri E39 endå dårlegare.
- Dei elektriske ferjene er eit utstillingsvindauge for norsk miljøsatsing. Vi i SV vil ha ferje og svele i staden for bru og undersjøiske tunnelar, seier stortingsrepresentant Arne Nævra til Klassekampen.
Prosjektet Ferjefri E39 skal etter planen fjerne alle sju ferjestrekningane mellom Kristiansand og Trondheim og erstatte dei med bruer og undersjøiske tunnelar. Statens vegvesen opna nyleg for at ferdigstillinga av vegprosjektet kan bli utsett til 2050.

Publisert: 21.02.2018 14:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39