Kort fortalt

Svak auke for detaljhandelen

Trenden flatar ut etter nedgang sidan utgangen av koronapandemien.

31.07.2023

Omsetningsvolumet i detaljhandelen auka med 0,3 prosent frå mai til juni.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). For tremånadersperioden april til juni er auken på 0,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Dei fleste næringar hadde svak vekst i juni. Hovudbidraga kom frå handel i daglegvare, klesbutikkar og butikkar som sel sportsutstyr. Butikkhandel med jernvarer, byggjevarer og møblar bidrog til å dempe den samla veksten i juni, seier førstekonsulent Edvard Garmannslund i SSB.

Trenden i detaljomsetningsindeksen har byrja å flate ut etter å ha vore nedgåande sidan utgangen av koronapandemien.

– Samanlikna med førre tremånaders periode er perioden april-juni 2023 opp 0,3 prosent. Dette følgjer to tremånaders periodar der det har vore lite endring. Dette kan vere teikn på at trenden er i ferd med å flatast ut, seier Garmannslund.

(©NPK)

Publisert: 31.07.2023 10:09

Sist oppdatert: 31.07.2023 10:48

Mer om