Kort fortalt

Svak auke i talet på arbeidslause

2,7 prosent på tiltak eller utan arbeid. 

29.11.2019
NPK-NTB: I november vart det registrert 300 fleire arbeidslause enn i førre månad. Men arbeidsløysa er lågare enn i same periode året før.
Talet på heilt arbeidslause ligg på 2,2 prosent av arbeidsstyrken i november. Viss ein ser på talet på heilt arbeidslause og arbeidssøkarar på tiltak, ligg talet på 2,7 prosent, viser .
– Sjølv om tala viser svak auke for heilt arbeidslause denne månaden, har arbeidsløysa vore tilnærma uendra sidan april i år. Arbeidsløysa har dermed stabilisert seg på eit lågt nivå, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.
Til saman var 74.300 personar registrerte som heilt arbeidslause eller som arbeidssøkarar på tiltak hos Nav ved utgangen av november. Det er 5.300 færre enn i november i fjor. Tala er justerte etter eit brot i statistikken som følgje av ei innføring av forenkla registrering i november 2018.
Oversikta frå Nav over arbeidsledige er eitt av to sett som blir brukte for å måle arbeidsløysa i Noreg. SSBs AKU-tal er den andre.
Medan Nav tel talet på registrerte ledige, baserer SSB seg på ei kvartalsvis intervjuundersøking. SSB-undersøkinga omfattar òg personar som søker arbeid utan å registrere seg hos Nav.

Publisert: 29.11.2019 13:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31