Kort fortalt

Svak krone gjer at bruktbilar forsvinn ut av landet

Både svak krone og refusjon av avgifter gjer at det er svært gunstig for utlendingar å handle bruktbilar i Noreg.

17.07.2023

Ei svak krone gjer at norske bruktbilar blir svært gunstig for utlendingar som handlar i euro. Endå gunstigare blir det når den tidlegare innbetalte eingongsavgifta blir betalt tilbake, skriv NRK.

Så langt i år har staten refundert eingongsavgift for 7012 fossilbilar som er eksporterte ut av landet for til saman 650 millionar kroner, viser tal NRK har innhenta frå Skatteetaten.

Til samanlikning vart det eksportert 5346 fossilbilar i heile 2022.

Ein bruktbilseljar NRK har snakka med seier at kjøparane kjem frå Aust-Europa, Tyskland og Nederland, og dessutan nabolanda våre.

(©NPK)

Publisert: 17.07.2023 15:50

Sist oppdatert: 17.07.2023 15:50