Kort fortalt

Svak laksegenerasjon i fjor

Lusa får det meste av skulda.

30.11.2016
(NPK): Oppdrettslaks fødd i 2015 teiknar til å bli den dårlegaste generasjonen på tolv– tretten år, ifølgje sjømatkonsulentane i Kontali Analyse.
Laksen som vart fødd i fjor, kjem dårleg ut både på utbytte av smolten og fôrfaktor, går det fram av den siste månadsrapporten frå Kontali Analyse om statusen i laksenæringa.
– Sjølv om meir enn 40 prosent av 2015-generasjonen framleis står i merdane, er vi allereie ganske sikre på at denne generasjonen blir den dårlegaste i «yting» på tolv– tretten år når det gjeld smoltutbytte og fôrfaktor, heiter det i rapporten, ifølgje Fiskeribladet Fiskaren.
Smoltutbyttet blir vurdert etter døyingsraten, tilveksten og slaktevekta, men lusebehandling kan òg påverke kvaliteten på fisken negativt og dermed gi lågare utbytte.
Fôrfaktoren seier noko om kor mykje fôr det går med for å ale fram éin kilo fisk. Heller ikkje der skårar 2015-laksen bra.
– Her heng alt saman. Fleire lusebehandlingar gir færre fôrdøgn, og det gir igjen dårlegare fôrfaktor. Det er altså lusa som må ta det meste av skulda for den dårlege 2015-generasjonen, seier avdelingsleiar Jan Erik Øksenvåg i Kontali Analyse til avisa. (©NPK)

Publisert: 30.11.2016 12:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43