NPK-NTB: NHO justerer ned sine anslag for veksten i norsk økonomi for inneverande år, men ser langt meir optimistisk på dei to neste åra.
– Vi justerer ned våre anslag for veksten i BNP for Fastlands-Noreg til 1,5 prosent for inneverande år. Samtidig oppjusterer vi vekstanslaga for 2018 og 2019 til høvesvis 2,3 og 2,4 prosent, skriv NHO i sin konjunkturrapport torsdag.
– Dette kjem av meir positive forventningar til utviklinga i eksport og import og auka investeringar i bustader og i fastlandsnæringane, heiter det vidare.
NHO trur det meste av nedturen som følgde i kjølvatnet av oljeprissjokket i 2014 no ligg bak oss, men trur opphentinga berre blir moderat.
– Våre prognosar tyder framleis på at veksten vil vere nokså beskjeden ei god stund framover, skriv arbeidsgivarorganisasjonen.

Publisert: 28.09.2017 12:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41