Kort fortalt

Svakare for Sunnmørsposten

Både omsetning og resultat fell markant.

Linn Antonie Vårdal Solheim
24.07.2023

Det kjem fram av årsrekneskapen til selskapet, som blei offentleg tilgjengeleg 24. juli.

I årsmeldinga skriv styret at det har vore "markert vekst i bruk av digitale abonnementsprodukter", og at avisa også i 2022 kan vise til fortsett opplagsvekst for papiravisa.

Trass veksten, så fall inntektene markant for Sunnmørsposten i 2022. Også kostnadene auker, og resultatet er kraftig barbert samanlikna med 2021.

Resultatmarginen fell frå 15,5 prosent til 9,4 prosent i 2022.

Pensjonskostnadane åleine meir enn dobla seg, frå 3,2 til 6,5 millionar kroner.

Avisa sysselsette i 2022 gjennomsnittleg 63 årsverk.

Omsetningsnedgang og resultatfall stoppa ikkje eigarane frå å hente ut meir enn 15 millionar kroner i konsernbidrag frå avisa til morselskapet.

Sunnmørsposten er heileigd av Polaris Media Nordvestlandet, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media ASA.

Tall i millioner kroner
Sunnmørsposten AS
2022 2021
Driftsinntekter 136,3 140,5
Driftsresultat 13,8 22,4
Resultat før skatt 12,8 21,8

Publisert: 24.07.2023 13:12

Sist oppdatert: 24.07.2023 13:12

Mer om