Kort fortalt

Sve vil ha kraft frå Geiranger-foss

Fleire politikarar vil vurdere utbygging av «sine» vassdrag.

14.01.2022

Politikarar ønskjer å vurdere om verna vassdrag som Vefsna i Nordland, Gaula i Sunnfjord, Flåmselvi i Aurland og Grinddalsfossen i Geiranger bør byggjast ut.

Til Klassekampen seier tidlegare Sunnfjord-ordførar og no stortingsrepresentant Olve Grotle (H) at det er naturleg å sjå på Gaularvassdraget med nye auge – og at det kan vere aktuelt med skånsame utbyggingar som ikkje går på kostnad av verneverdiar. Vassdraget er det største som er verna her i landet.

– Det er ingen tvil om at det ligg eit enormt potensial der, og vi står framfor ei klimakrise som gjer at vi må omstille samfunnet på ein måte som vil krevje meir straum enn vi produserer i dag. Eg trur ikkje ein kan sjå bort frå at også vern av Gaularvassdraget blir diskutert på sikt, seier eksordføraren.

Mangeårig Aurland-ordførar Noralv Distad (H) meiner at vern av Flåmselvi bør bort så raskt som mogleg.

Bård Ludvig Thorheim, Høgres energipolitiske talsperson, ivrar for utbygging av verna vassdrag i heile landet, også Vefsna og andre i Nordland, der han kjem frå.

Kollegaen hans i Frp, Frank Sve, deler det synet. Mellom anna har han ei elv i heimfylket sitt Møre og Romsdal i tankane.

– I Geirangerfjorden skal cruiseskipa i framtida få straum frå land i staden for å la motoren gå når dei ligg til kai. Ved å byggje ut Grinddalsfossen vil vi kunne skaffe kraft på ein meir skånsam måte enn til dømes ved å byggje vindmøller, seier han til Klassekampen.

Publisert: 14.01.2022 08:57

Sist oppdatert: 14.01.2022 10:27

Mer om