Sveinung Rotevatn Fredric Hauge foto Bellona
GIR SEG: Sveinung Rotevatn vaks opp på Nordfjordeid. No gir han seg med partipolitikk og blir ny dagleg leiar i miljøorganisasjonen Bellona, som er grunnlagt av Frederic Hauge. Foto: Bellona
Kort fortalt

Sveinung Rotevatn går til Bellona

Venstre-nestleiaren gir seg med partipolitikk.

18.12.2025

(NPK-NTB): Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn gir seg med partipolitikk og blir ny dagleg leiar i miljøorganisasjonen Bellona.

Rotevatn er henta som dagleg leiar av Bellona-grunnleggjar Frederic Hauge, som no er styreleiar i stiftinga, skriv VG.

– Bellona er partipolitisk uavhengig, og då kan ikkje leiaren i Bellona vere sentralt tillitsvalt i Venstre, seier Rotevatn til avisa.

Tilsetjinga vart kunngjord for dei tilsette i organisasjonen på eit allmøte torsdag formiddag.

Rotevatn var statsråd i Solberg-regjeringa i to år, og sat åtte år på Stortinget frå Sogn og Fjordane for Venstre fram til stortingsvalet i haust, då partiet fall under sperregrensa og han mista plassen sin.

Den avtroppande nestleiaren blir gratulert med den nye jobben av partileiar Guri Melby:

– Eg er heilt sikker på at Bellona kjem til å få stor glede av Sveinungs høge kompetanse og store engasjement i åra framover, seier Melby i ein e-post til NTB.

Samtidig takkar ho han for innsatsen og seier Rotevatn etterlèt seg eit tomrom i organisasjonen.

– Eg har sett stor pris på å ha Sveinung på laget i dei åra eg har vore partileiar, og kjem til å sakne kunnskapen hans og analysar og ikkje minst hans evne til å snakke om kompliserte saker på ein forståeleg måte, seier Melby.

Publisert: 18.12.2025 11:06

Sist oppdatert: 18.12.2025 11:30

Mer om