Kort fortalt

Svenskehandel skal svi

Risikerer å miste lønn og sjukepengar.

16.04.2020
NPK-NTB: Nordmenn som pådreg seg koronakarantene med vilje, kan miste både lønn og sjukepengar når ei ny forskrift ligg klar om kort tid.
Arbeids- og velferdsdirektoratet leverte torsdag utkast til ny forskrift til Sosial- og arbeidsdepartementet, skriv .
– Ho skal tydeleggjere konsekvensane av å pådra seg karantene med vitende og vilje, til dømes ved å reise til Sverige for å handle, seier fungerande Nav-direktør i Innlandet, Hans Petter Emilsen.
Fleire har reagert etter at NRK onsdag skreiv at over etter å ha påskehandla i Sverige. Å krysse grensa utløyser 14 dagars karantene, noko dei handlande truleg var klar over.
No kan grensehandlarar risikere å miste lønn, sjukepengar eller dagpengar i karantenetida.
– Den nye forskrifta vil vere på plass om kort tid, truleg innan nokre få dagar, seier Emilsen.

Publisert: 16.04.2020 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28