(NPK-NTB): Svindlarar har sendt ut ein e-post til folk der dei gjev seg ut for å vera skatteetaten og lovar skatterefusjon. I e-posten blir folk bedne om å fylla inn eit vedlagt skjema.
«Etter siste årlige beregninger av din økonomiske aktivitet har vi fastslått at du er berettiget til å motta en skatterefusjon på: 6056.87 NOK», skriv svindlarane i e-posten.
Kommunikasjonsrådgjevar Anette Bjerke i skatteetaten ber folk visa varsemd.
– Dette er eit svindelforsøk for å lura til seg personsensitiv informasjon. Ikkje svar på denne førespurnaden, åtvarar ho.
Førebels har ikkje skatteetaten fått mange uromeldingar frå folk, men dei ser alvorleg på hendinga.
– Vi vil aldri be om kredittkortinformasjon, tryggleikskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via e-post. All den elektroniske kommunikasjonen vår med skattytarar som omfattar personsensitive opplysningar skjer innlogga via Altinn, forklarar Bjerke.
Ho legg til at etaten tidvis er gjenstand for misbruk i samband med svindelforsøk.
– Slike tilfelle har blitt politimelde tidlegare, seier ho. (©NPK)

Publisert: 18.07.2016 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45