Kort fortalt

Svært låg vasskraftproduksjon

Vasskraftproduksjonen i tredje kvartal var på det lågaste nivået som er registrert i dette kvartalet sidan 2010. Det same gjaldt eksportoverskotet.

19.10.2022

Samla straumproduksjon var på 29,7 TWh i 3. kvartal 2022, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det er ein nedgang på 9,1 prosent samanlikna med same kvartal i fjor.

Vasskraftproduksjonen var på 26,1 TWh, som er 13 prosent lågare enn same kvartal året før og altså det lågaste nivået i eit tredje kvartal sidan 2010. Det heng saman med den låge fyllingsgrada i vassmagasina i Sør-Noreg.

Vindkraftproduksjonen auka med 23 prosent. I tredje kvartal var produksjonen på 2,8 TWh, noko som i ei viss grad kompenserte for vasskraftnedgangen.

Vasskraft står framleis for den klart største delen av kraftproduksjonen og utgjorde 88 prosent i tredje kvartal. Vind- og varmekraft utgjorde høvesvis 9,5 og 2,6 prosent.

I tredje kvartal eksporterte Noreg 5,4 TWh straum, medan det vart importert 3,3 TWh. Det gav eit eksportoverskot på 2,1 TWh.

– Samanlikna med gjennomsnittet for tredje kvartal dei siste fem åra var eksportoverskotet 61 prosent lågare i år. Sist gong eksportoverskotet var så lågt i tredje kvartal, var i 2010, seier seniorrådgivar Thomas Aanensen i SSB.

Publisert: 19.10.2022 11:36

Sist oppdatert: 19.10.2022 11:37

Mer om