Halvering for Aursnes Hotell
SYKKYLVEN: Aursnes Hotell rett ved ferjeleiet i Sykkylven er til sals. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Sykkylven-hotell til sals

Familieeigd bedrift med nokre svært lønnsame år bak seg.

20.12.2024

Ekteparet Knut-Henning og Lina Aursnes har tatt valet å selje Aursnes Hotell i Sykkylven, ifølgje lokalavisa Nyss

Dei tok over drifta i 2005, men familien har drive utleigeverksemd på staden sidan 1947. Hotellet er no drifta som eit «bed & breakfast»konsept.

– Vi håpar gjerne at dei som vel å kjøpe hotellet kanskje kan starte det opp att slik det var, med meir liv og arrangement. Det veit vi at bygda treng, og vi får framleis spørsmål om det frå folk om vi har bar i helgane, seier Knut-Henning Aursnes til avisa. 

Økonomien er god etter at hotellselskapet har lagt bak seg nokre svært lønnsame år. I 2023 hadde dei eit driftsresultat på 2,2 millionar frå ei omsetning på 4,7 millionar kroner. 

Publisert: 20.12.2024 11:20

Sist oppdatert: 20.12.2024 12:11

Mer om